5 prinsipp for å bevare naturmangfaldet – status og utfordringar etter to år med ny lov

Av fylkesmann Kristin Hille Valla

Av fylkesmann Kristin Hille Valla

Først ein viktig – og sjølvsagt – opplysning: Det er Stortinget som har vedteke naturmangfaldlova, ikkje Fylkesmannen. Det har sølvsagt konsekvensar for arbeidet til lokalpolitikarar – og fylkesmannen.

Då naturmangfaldlova vart iverksett i juni 2009 markerte ho ei ny epoke i norsk naturforvaltning. Medan tidlegare naturvernlover har hatt fokus på vern gjennom oppretting av verneområde og fredning av enkeltartar, er den nye naturmangfaldlova utvida til å gjelde berekraftig bruk og vern av naturen. Lova omfattar heile landet, både innanfor og utanfor verneområda, og gir oss nye reiskap for å ta vare på naturmangfaldet.

Eit viktig grep i naturmangfaldlova er innføring av generelle prinsipp som skal leggast til grunn i alle offentlege avgjerder som gjeld naturmangfaldet. Dette er viktig å merke seg for kommunane, og gjeld mellom anna i saker etter plan- og bygningslova og jord- og skoglova. 

Prinsippa det er snakk om, gjeld:
1. Krav til kunnskapsgrunnlaget: Kunnskapsbasert forvaltning er framheva i lova. Det er viktig at tilgjengeleg kunnskap blir brukt ved vurdering av tiltak.
2. Vektlegging av føre-var prinsippet: Er kunnskapen ikkje tilstrekkeleg, gjeld det å la tvilen kome naturen til gode dersom risikoen for skade er stor.
3. Krav til å vurdere samla belastning på økosystemet: Eit tiltak må ikkje berre vurderast isolert, men må sjåast i samanheng med andre belastningar i same område.
4. Kostnader ved miljøforringing skal berast av tiltakshavar: Dette tilsvarar prinsippet om at «forureinar betaler», og gjeld for dei som gjer skade på naturen. 
5. Bruk av miljøforsvarlege teknikker og metoder: Lova set krav om å vurdere avbøtande tiltak og driftsmetoder for best mogleg å ta omsyn til naturmangfaldet.

I tillegg til å merke seg at prinsippa finst, må kommunane også vere merksam på at det skal framgå av vedtak korleis prinsippa er vurdert. Fleire kommunar har begynt å få dette inn i sine rutiner, men dei fleste har eit stykke att. 

Eit anna nytt grep i lova er innføring av ordninga med utvalde naturtyper og prioriterte arter. Desse ordningane skal sikre trua og sårbare delar av norsk natur gjennom eigne forskrifter. Forskriftene gir regler for forvaltning av dei utvalde naturtypene og prioriterte artene, og understrekar ansvaret for å ta vare på natur utanfor verneområda. Det vart i mai i år vedtatt forskrifter for åtte prioriterte arter. Av desse finst tre i Oppland. I tillegg har fem naturtyper fått status som utvalde naturtyper. 
 
Det er ikkje utan grunn at naturmangfaldlova set fokus på trua arter og naturtyper. I norsk raudliste for 2010 er 2398 arter klassifisert som trua. Dette er arter som står i fare for å forsvinne frå norsk natur i løpet av dei neste hundre åra. 276 av artene er rekna som kritisk trua og kan vere utrydda i løpet av ti år.

I år vart det for første gong lagt fram ei offisiell norsk raudliste for naturyper. Raudlista inneheld i alt 80 naturtyper, og halvparten av desse er rekna som trua. Den nye raudlista er eit viktig grunnlag i arbeidet med å ta vare på variasjonen av naturtyper vi har her i landet. 

Den klart største trusselen mot naturmangfaldet er endra arealbruk, til dømes utbygging og inngrep i naturområde. Andre stader er det gjengroing som er problemet. I tillegg kjem forureining, klimaendringar og innføring av framande arter.

I arbeidet framover vil eg særleg framheve to utfordringar:
1. Kompetanse: Skal vi få til ei kunnskapsbasert forvaltning slik lova legg opp til, må vi ha oppdatert kunnskap om arter og naturtyper. Naturen er ikkje statisk, og kartleggingane som er gjort i kommunane må reviderast med jamne mellomrom. I tillegg må kommunane ha lett tilgang på kvalitetssikra data. Fleire sentrale databaser er bygd opp i regi av Artsdatabanken og Direktoratet for naturforvaltning, men det er ei utfordring å få til effektiv informasjonsflyt. Her har vi ein jobb å gjere både lokalt og sentralt.

Naturmangfaldlova sine prinsipp om å vurdere kunnskapsgrunnlaget og verknader av tiltak, set krav til kommunal saksbehandling. Kommunane må vurdere om dei har tilstrekkeleg kompetanse i eigen organisasjon, eller om dei bør satse på samarbeid t.d. interkommunalt.

2. Forholdet mellom bruk og vern:  Oppland har eit stort ansvar når det gjeld områdevern. Vi er nasjonalparkfylke nummer ein i landet, og har verna 30 prosent av totalarealet i fylket. Verneområda gir viktig livsrom for dyr og planter.

Utanfor verneområda vil naturmangfaldlova spele saman med anna lovverk som plan- og bygningslov, jordlov, skoglov og vannressurslov. Her vil berekraftig bruk vere ei rettesnor, der omsynet til naturmangfaldet skal vege tungt. I somme tilfelle vil bruk ikkje kunne kombinerast med å ta vare på naturverdiane. Eit aktuelt døme har vi på Raufoss der kommunen har vedtatt ein reguleringsplan som tillet bustadbygging på eit område med verdifull slåttemark. Planen er stadfesta av Fylkesmannen, men Miljøverndepartementet vil no sjå nærare på saka. Saka viser utfordringane vi møter i kvardagen når naturverdiar skal vektast opp mot andre samfunnsinteresser, og vi set pris på at MD tar ei ny vurdering.

Naturmangfaldlova er eit viktig steg på vegen for å sikre naturmangfaldet. Sjølv om det er vel to år sidan lova vart iverksett, er vi fortsatt i ei innføringsfase. Ikkje alt er på plass, og vi lærer etterkvart som nye saker og spørsmål dukkar opp. Mi oppfordring er: Ta lova i bruk!  Dette gjeld særleg prinsippa i §§ 8-12. Prinsippa kan vere til hjelp for å bli meir merksam på verdien av naturmangfaldet i eigen kommune, og få ei systematisk vurdering av naturverdiane. Det må vere eit mål at planar og beslutningar som vert fatta tar tilstrekkeleg omsyn til naturmangfaldet.

Advertisements

Om fylkesmannenoppland

Fylkesmannen arbeider for at Oppland skal være et godt fylke å bo og arbeide i. Vi passer på at du får rettighetene dine slik Stortinget har bestemt. Det gjelder blant annet barnehage og skole, helse- og sosialtjeneste. Vi slår ring om miljøet, og arbeider for landbrukets framtid.
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s